Annonse

Spanske styresmakter: Kan ha planlagt angrepa i lengre tid

Spansk politi mistenkjer at angrepa i Barcelona og Cambrils hadde vore planlagt i lengre tid. Varebilføraren i Barcelona er så langt ikkje identifisert.

Politiet melder at varebilføraren som køyrde inn i menneskemengda på La Rambla i Barcelona, så langt ikkje er identifisert. Varebilføraren kan vere ein av dei fem personane som blei drepne av politiet i Cambrils natt til fredag.

Tre marokkanarar og ein spanjol er arrestert, mistenkte for samband til terrorangrepa i Barcelona og Cambrils, opplyser Josep Lluis Trapero i politiet i Catalonia på ein pressekonferanse fredag. Ifølgje nyheitsbyrået Reuters er dei arresterte mellom 21 og 34 år gamle.

14 personar er bekrefta drepne etter angrepa i dei to byane.

Fem drepne

Ved 17-tida torsdag køyrde ein varebil inn i ei folkemengd på hovudgata La Rambla i Barcelona i Spania.

Åtte timar etter angrepet i Barcelona køyrde ein bil inn i ei folkemengd i hamnebyen Cambrils. Fem personar som var i bilen, blei skotne og drepne av politiet.

Fredag opplyser politiet at éin politibetjent skaut og drap fire av dei fem.

Dei mistenkte hadde ei øks og knivar i bilen, og dei var iført falske bombevestar. Før dei blei skotne, blei ein person på staden knivstukken i ansiktet, skriv politiet i Catalonia på Twitter.

- Planla angrep

Politiet skriv på Twitter at ingen av dei fire personane som så langt er arrestert, har vore involvert i terrorrelaterte hendingar tidlegare.

Politiet mistenkjer at angrepa kan koplast til ein eksplosjon i eit hus i byen Alcanar onsdag.

- Dei planla eitt eller fleire angrep Barcelona, og ein eksplosjon i Alcanar sette ein stoppar for dette, ettersom dei då ikkje lenger hadde det dei trengde til å gjennomføre angrep i endå større skala, seier Trapero.

Han viste til ein eksplosjon i eit hus i byen Alcanar onsdag kveld, som ifølgje politiet førte til at ein person døydde.

(©NPK)

14 personar er bekrefta drepne etter to angrep i Barcelona og Cambrils. Foto: Manu Fernandez / AP / NTB scanpix