Annonse

Sponsorløft trass tungt 2016

Norges idrettsforbund aukar marknadsinntektene sine i 2017 trass i at 2016 vart eit svært krevjande år for norsk idrett.

Annonse

Debatt rundt openheit og dopingsaker i langrennsleiren bidrog til å gjere 2016 til alt anna enn berre lystig for toppane i idretts-Noreg. Økonomisk er det derimot lite som tyder på at den negative merksemda får ringverknader for Norges idrettsforbund.

- Vi vil ha noko større marknadsinntekter i 2017 enn i 2016, og vi er sjølvsagt veldig glade for at norsk næringsliv framleis har tillit til Norges idrettsforbund. Mange i det frivillige elles og i idretten har nedgang i marknadsinntektene, men idrettsforbundet leverer ein brutto auke i 2017, seier generalsekretær Inge Andersen til NTB.

- Sponsormessig merkast det ikkje at 2016 på mange måtar var relativt bratt?

- Faktisk ikkje. Og det er det som er gledeleg. Når vi no har møter med næringslivsleiarar, har dei tillit til og tru på Norges idrettsforbund. Og dei ser også den enorme samfunnsjobben som idretten representerer, seier Andersen.

Trass i auka marknadsinntekter jobbar NIF med å kutte kostnadar som følgje av at det det såkalla sentralleddet i forbundet får tilført fem millionar færre spelemiddel-kroner i 2017.

(©NPK)