Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Annonse
Annonse

onsdag 18. januar 2017

Annonse

Populær romjulshandball i Ørsta

Handballthriller då Volda møtte Stryn

Handballthriller då Volda møtte Stryn

I romjula møttest desse jentene til handballcup i Ørsta. Klubbane Eid, Stryn, Volda og Ørsta var representerte med lag i turneringa. Dommarane (bakerst i midten) var Daniel og Sofie Thorup, Monika Brandal Moe og Babelon Kere alle frå Ørsta. Foto: Hjørdis Almelid Vikenes

Det vart stor spenning og mykje speleglede under Ørsta IL Handball sin romjulscup femte juledag. Under den avgjerande cupkampen skulle avgjerast vart det stor spenning.

Skrevet av:

Oppdatert:
31.12.2016 kl 10:50

Annonse

Femte juledag baud Ørsta IL Handball inn til romjulscup for jenter 14 i Ørstahallen. Fleire klubbar ville delta og lag i frå Volda, Stryn og Eid møttest til den gode "julestriden" saman med to lag frå Ørsta. Fire lokale dommarar stilde opp for J14 som stod bak turneringa.

Thriller

Det vart spelt 10 innleiande kampar og så ein finalekamp mellom dei som kom på 1. og 2. plass etter desse kampane. Finalen vart mellom Volda og Stryn. Då dei to laga møttest tidlegare på dagen, enda den kampen 7-7. I finalen vann Volda 7-6 over Stryn, så det vart ikkje avgjort før i det siste speleminuttet kven som vann turneringa. Ein thriller av godt slag vart den kampen.

Både slektningar og venner av spelarane tok turen til Ørstahallen og støtta opp om laga sine.

Stor dugnadsinnsats

- Det gjekk fint å arrangere denne cupen då både foreldre og andre i handballgruppa hjelpte til både på førehand og undervegs. Takk for hjelpa til alle! Gjestelaga var veldig fornøgde og syns det var kjekt å spele kampar i romjula, fortel oppkvinne Grete Hagen Myklebust hjå Ørsta Handball J14.

Siste nytt i Sport

Dagsturhytte i Hornindal

Dagsturhytte i Hornindal

Alle kommunane i Sogn og Fjordane har sagt ja til å byggje ei dagsturhytte ved populære turmål. Sogn og Fjordane Fylkeskommune har lyst ut konkurranse for utforminga av hyttene, og Rojo arkitektar frå Trondheim har kome med vinnarframlegget.

 Oransje var best

Oransje var best

- Å kome heim og spele mot andre voldingar er like kjekt kvart år, og det er ein fin juletradisjon, seier Sivert Heltne Nilsen.

Tapte fortent for Utleira

Tapte fortent for Utleira

Volda kom raskt ned att på jorda etter timålssigeren mot Charlottenlund laurdag. Søndag stakk Utleira av med alle poenga frå Voldahallen.

 
Knuste opprykksrivalen

Knuste opprykksrivalen

Volda er serieleiar med to poengs luke etter ein knallsterk timålssiger mot topplaget Charlottenlund.

Lever draumen i Bergen

Lever draumen i Bergen

I fjor sommar sleit Sivert Heltne Nilsen med mindre speletid enn ønska i Vålerenga. Etter å ha teke steget ned i 1. divisjon, er han eitt og eit halvt år seinare sølvvinnar i eliteserien. Kjærleiken til Brann avgjorde.

Volda gjorde reint bord i Førde

Volleyball U17:

Volda gjorde reint bord i Førde

Førde cup i volleyball for JU17/ GU17 vart arrangert for første gong no i helga, med deltaking av dei sterkaste laga i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. KFUM Volda deltok med eitt gutelag og to jentelag, og vann begge klassane.

 
Jubileumsstemne med god skyting

Jubileumsstemne med god skyting

I helga arrangerte Volda skyttarlag jubileumsstemne i miniatyr, i samband med at laget fyller 150 år. Det var rekorddeltaking med 90 skyttarar frå heile distriktet. Jo Voldset Salthammer frå Vestnes skyttarlag viste god form og drog sigeren i land med gode 246 poeng. Arve Halsteinslid frå Haugen s...

Tøffe syklistar i Snauderåsa Downhill

Tøffe syklistar i Snauderåsa Downhill

Syklane låg klare til bruk medan deltakarane fekk instruksar om løypa. Med musikk på anlegget og skinande sol var det ei stemningsfull atmosfære ved Snauderåsa Downhill søndag. Deltakarane var klare for fart og spenning.

Voldadrakter til Kenya

Voldadrakter til Kenya

Då Volda Fotball bytta ut sponsoren på sine drakter nyleg, vart det mange gamle drakter til overs. Desse er no på veg til Kenya, og skal gjevast bort til born i slummen.

 
Perfekt seriestart for bordtennisklubben

Perfekt seriestart for bordtennisklubben

Før helgas seriestart i Stigaligaen i Molde, var Volda og Ørsta bordtennisklubb klare favorittar, og det var tydelegvis ikkje utan grunn.

Godt resultat i NM

Godt resultat i NM

I helga vart det arrangert NM i frisbeegolf på Sula. Sølve Andrè Hatlen fekk då si beste plassering hittil.

Over stokk og stein

Over stokk og stein

Hinderløypa i Follestaddalen er ikkje som andre hinderløyper. Laurdagens regnbyer var òg med på å setje eit ekstra preg på løypa.

Do NOT follow this link or you will be banned from the site!