Annonse

Stadig fleire trua av svolt

124 millionar menneske i 51 land er trua av akutt matmangel, og verst er situasjonen i Jemen, åtvarar FNs mat- og landbruksorganisasjon (FAO). 

Annonse

124 millionar menneske i 51 land er trua av akutt matmangel, og verst er situasjonen i Jemen, åtvarar FNs mat- og landbruksorganisasjon (FAO).

Talet på land og menneske som treng matvarehjelp utanfrå, har auka, viser FAOs siste Global Report on Food Crises.

I 2016 var 108 millionar menneske i 48 land trua av akutt matmangel. Auken kjem i første rekkje av krisene i Myanmar, Nigeria, Kongo, Sør-Sudan og Jemen, konstaterer rapporten.

Jemen gir aller størst grunn til bekymring, meiner FAO.

- Situasjonen der blir truleg endå verre, særleg på grunn av avgrensa tilgjenge, økonomisk kollaps og utbrot av sjukdom, heiter det i rapporten.

Krig og tørke

Alvorleg tørke kjem til ytterlegare å svekkje matsikkerheita på landsbygda i Somalia, søraust i Jemen, aust i Kenya, og i fleire land i Vest-Afrika og Sahel-beltet, blant dei Senegal, Tsjad, Niger, Mali, Mauritania og Burkina Faso, fryktar FAO.

Den største og verste trusselen mot matsikkerheita vil i år likevel vere krig og konflikt, noko som rammar Afghanistan, Den sentralafrikanske republikk, Kongo, det nordaustlege Nigeria, landa rundt Tsjad-sjøen, Sør-Sudan, Syria, og Jemen og Libya, ifølgje rapporten.

Underliggjande årsaker

- Rapportar som denne gir oss heilt nødvendige data og analysar som gjer at vi betre kan forstå utfordringane. Det er no opp til oss å handle for å dekke behova til dei som dagleg svelt, og å gå laus på dei underliggjande årsakene, seier FNs generalsekretær António Guterres i ein kommentar til rapporten.

- Svolt og manglande matsikkerheit rammar millionar av menneske verda over. Stilt overfor menneskeskapte katastrofar og naturkatastrofar trengst eit meir robust og globalt strategisk svar på matkriser, seier EU-kommissæren for humanitær bistand og krisehandtering, Christos Stylianides.

Samanheng

FAO-sjef José Graziano da Silva etterlyser større merksemd rundt samanhengen mellom krig og svolt.

- Vi må erkjenne og sjå nærmare på samanhengen mellom svolt og konflikt dersom vi skal lykkast med å utrydde svolten. Ved å investere i matsikkerheit og livsopphald i konfliktsituasjonar, styrkjer vi motstandskrafta og kan også bidra til varig fred, seier han.

- Konsekvensane av konflikt og klimaendringar er klare. Millionar av menneske svelt. Kampane må stanse og verda må komme saman for å hindre desse krisene som ofte skjer rett framfor auga på oss, seier sjefen for FNs matvareprogram (WFP), David Beasley.

(©NPK)

Sør-Sudan er eitt av landa der millionar av menneske svelt. Dette bildet vart tatt ved eit matdistribusjonssenter i Bahr el Ghazal-regionen i april i fjor. Foto: AP / NTB scanpix