Annonse

Stadig fleire våpen i privat eige

Det er over 1 milliard handvåpen i omløp i verda, og 85 prosent av dei er i privat eige. Fire av ti handvåpen er eigde av amerikanarar, viser ny rapport.

875 millionar handvåpen er no i privat eige, mens militære styrkar rundt omkring i verda har 133 millionar handvåpen og politiet har 22,7 millionar handvåpen, går det fram av årsrapporten frå Small Arms Survey.

USA er i ei særstilling når det gjeld talet på handvåpen i privat eige. Sjølv om amerikanarar berre utgjer drygt 4 prosent av befolkninga i verda, er 46 prosent av alle privateigde handvåpen å finne i amerikanske heimar. Dette svarar til 1,2 våpen per innbygger, over 393 millionar våpen.

På dei neste plassane kjem Jemen med 0,5 handvåpen per innbyggar og Montenegro med 0,4 våpen per innbygger.

(©NPK)

Kvar amerikanar eig no i gjennomsnitt 1,2 handvåpen, noko som gjer USA til eit land i særstilling når det gjeld talet på våpen i privat eige. Foto: AP / NTB scanpix