Annonse

Start henta inn Opdal-erstattar

Start sikra seg fredag keeperen Jonas Deumeland. Signeringa kjem etter at førstekeeper Håkon Opdal blei skadd.

Opdal øydela ankelen under oppvarming før møtet med Vålerenga og er ute i to månader. Nå har trenar Mark Dempsey igjen to seniorkeeperar å velje blant.

- Dette var viktig for oss. Med den situasjonen som oppstod med Håkon, så måtte vi gjere noko, seier sportsleg leiar i Start, Tor-Kristian Karlsen, til klubben si nettsider.

30 år gamle Jonas Deumeland har spelt for fleire tyske klubbar tidlegare. I 2017 var han i Greuther Fürth.

- Eg har fått gode referansar frå kontaktane mine i Tyskland, og han kunne komme hit på kort varsel, seier sportsleg leiar Karlsen.

Deumeland kan debuterer på Lerkendal kommande søndag. Avtalen han har signert med Kristiansand-klubben strekker seg ut sesongen.

(©NPK)

Tor-Kristian Karlsen, sportssjef i Start, presenterte ein ny spelar fredag. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix