Staten har inngått ny mobilavtale for 24.000 tilsette

Staten reknar med å spare inntil 85 millionar kroner når det no er inngått ny avtale om mobiltelefoni for heile 24.000 tilsette.

Phonero blei valt som ny leverandør til dei statstilsette fordi dei hadde det beste forholdet mellom pris og kvalitet, opplyser Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi).

Også Telenor og Atea hadde levert tilbod, men dei nådde altså ikkje heilt opp.

I alt 24.000 tilsette i 107 statlege verksemder er omfatta av den nye avtalen som er inngått av Statens innkjøpssenter i Difi. Når avtalen er i full drift, vil staten spare 85 millionar kroner årleg på å kjøpe mobiltelefonitenester samla, framfor at kvar verksemd handlar for seg.

Ifølgje Difi kan nokre av verksemdene no spare inntil 80 prosent på mobilutgiftene. I snitt vil verksemdene spare 66 prosent på abonnementa aleine.

Avtalen omfattar abonnement og trafikk innan mobiltelefoni, og tilhøyrande tenester som tilgang til mobile nett, basistenester for tale og datatrafikk og sentralbord. Avtalen har ei varigheit på to år, med moglegheit for forlenging.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Lise Åserud / NTB scanpix