Sterk vekeavslutning på Oslo Børs

Oppgang for nær alle børskjempene bidrog til at Oslo Børs avslutta med vekerekord fredag. Hovudindeksen steig med 1,24 prosent til 822,48 poeng.

Effektane av rentehoppet i USA ser dermed ut til å bli kortvarige. Wall Street opna sterkt, medan både Hang Seng og Nikkei i Asia enda også solid opp fredag.

På Oslo Børs var det oljeserviceselskapet Subsea 7 som utmerkte seg mest. Aksjen steig med heile 7,4 prosent etter nyheita om at dei er i eksklusive samtaler med giganten Schlumberger om å danne eit nytt felleseigd selskap, skriv E24.

Også Marine Harvest-aksjen gjorde det skarpt fredag. Aksjen var mest omsett, og verdien steig med heile 4 prosent på den siste børsdagen i veka.

Statoil-aksjen var nest mest omsett og passerte 180 kroner etter å ha auka med 1,46 prosent, medan Telenor og Storebrand fullførte topp 5 på omsett-lista med stigning på høvesvis 1,2 og 0,4 prosent.

Utviklinga var noko meir forsiktig på dei tonegivande børsane elles i Europa. FTSE 100 i London enda ned 0,4 prosent, CAC 40 i Paris enda uendra, medan DAX 30 i Frankfurt kraup oppover med 0,1 prosent.

Ein solid auke i oljeprisen på tampen av fredagen kan ha bidratt til den sterke avsluttinga på Oslo Børs. Ved 12-tida låg prisen på nordsjøolje nede i 65,81 dollar fatet, men ved 17-tida hadde prisen gått opp til 66,78 dollar fatet. Amerikansk lettolje steig også noko og vart omsett for 63,26 dollar fatet.

Med stigninga fredag er børsen opp 1,55 prosent den siste veka. Gjennom den siste turbulente månaden har derimot hovudindeksen falle med 2,1 prosent.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix.