Stillehavsøy blir evakuert for andre gong på eitt år

Rundt 11.000 innbyggjarar på ei av Vanuatu-øyane har fått beskjed om å evakuere for andre gong på eitt år på grunn av vulkanaktivitet.

Styresmaktene på Vanuatu erklærte unntakstilstand på øya Ambae førre månad som følgje av at vulkanen Manaro har spydd ut oske det siste året. Innbyggjarane, som først vart evakuerte i september i fjor, har no blitt evakuerte på ny.

- Det er ingen igjen på Ambae, seier generaldirektøren Jesse Benjamin i departementet for klimaendringar og naturkatastrofar til Vanuatus Daily Post tysdag.

Hundrevis av innbyggjarane valde å evakuere frivillig, mens styresmaktene måtte sette inn politi og katastrofearbeidarar for å sørgje for at resten forlét øya.

Avisa seier styresmaktene arbeider med å sørgje for at innbyggjarane får tilgang til mat, vatn, hygieneprodukt og presenningar mens dei oppheld seg på naboøyane Maewo og Espiritu Santo.

Dei evakuerte vil så bli omplasserte til ein meir permanent stad mens styresmaktene studerer vulkanen på Ambae. I juli fall oska frå Manaro så tett at den blokkerte sola. Oska har også ført til sur nedbør fleire stadar på øya, ifølgje rapportar.

Det bur 270.000 menneske på Vanuatu, som ligg langt ute i Stillehavet, nordaust for Australia.

(©NPK)