Stoltenberg varslar endringar i Nato 

Jens Stoltenberg opplever at han har fått eit forsterka mandat som generalsekretær i Nato. No vil han fornye alliansen. 

- Eg har tre års erfaring og eit forsterka mandat. Det gjer at eg har eit betre grunnlag for å få gjennomført det eg ynskjer, seier Stoltenberg til NTB.

Han fortel at han er glad for den støtta og tilliten dei 29 medlemslanda i Nato no har vist han ved å forlenge perioden hans med to år til september 2020.

Då han fekk jobben i 2014, fortalde folk han at det var uaktuelt å sitje i meir enn fem år fordi ingen generalsekretær i Nato har sete lenger enn dette sidan den kalde krigen slutta.

- Så eg blei litt overraska då ein del allierte bad meg om å sitje til hausten 2020, seier Stoltenberg.

Han ser på vedtaket som eit uttrykk for eit ynskje om å gje han sterkare mandat til å fornye Nato.

Store omstillingar er i vente, varslar Nato-sjefen.

- Eg ser tre hovudoppgåver. Det eine er å sikre tryggleiken i Europa. Det andre er å handtere usikkerheita rundt grensene våre. Det tredje er å ta Nato inn i ei ny tid og modernisere alliansen, seier han.

Ifølgje Stoltenberg har verda blitt ein farlegare stad.

- Det gjer det krevjande å vere generalsekretær i Nato. Men det gjer det også ekstra meiningsfullt, seier han.

(©NPK)

Natos generalsekretær Jens Stoltenberg ser framover mot nye to år i sjefsstolen. Foto: Virginia Mayo / AP / NTB scanpix