Annonse

Stor nedgang i førekomst av HPV etter vaksinasjon

Fem år etter at det første årskullet fekk tilbod om HPV-vaksine, har det vore betydeleg lågare førekomst av viruset, viser ein ny studie.

Studien er ein del av Folkehelseinstituttets nasjonale oppfølging av HPV-vaksinasjonsprogrammet. Meir enn 40.000 jenter har sidan 2011 sendt inn prøver, opplyser FHI på sine nettsider.

I alt er 18.000 urinprøver blitt analyserte for 37 ulike HPV-typar. Årskull som har blitt vaksinert, blir i studien samanlikna med eldre som ikkje har blitt vaksinerte.

HPV-typane som vaksinen beskyttar mot, var redusert med 82 prosent.

- Dette er svært gledelege resultat og understøtter funn i fleire studiar frå andre land om effekten av HPV-vaksinen, seier Berit Feiring, studien sin førsteforfattar i Folkehelseinstituttet.

(©NPK)

Ei sprøyte med Cervarix HPV-vaksine på St. Hanshaugen helsestasjon i Oslo. Kvinner fødd i 1991 og seinare har sidan 2013 fått tilbod om gratis HPV-vaksinasjon. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix