Annonse

Stor usemje om felling av 30 ulvar

Rovviltnemndene i Hedmark, Oslo, Akershus og Østfold opnar for felling av rundt 30 ulvar. Kvotevedtaket kjem til å bli klaga inn av Verdens naturfond.

Rovviltnemndene opnar dermed for felling av nesten ein tredel av alle ulvar i Noreg, ifølgje NRK.

12 av desse er utanfor ulvesona. Dei resterande 17 er i dette ulverevira: Slettåsreviret i Hedmark, Mangenreviret i Hedmark og Akershus, i tillegg til Hobølreviret i Østfold.

- Forslaget til nemndene tek høgde for at talet på ynglingar av ulv ligg høgt over det som er bestandsmålet. Nemndene tek ansvar og følgjer opp intensjonent til Stortinget, seier Einar Frogner, rovviltansvarleg i styret i Norges Bondelag, til NTB.

Han meiner at vedtaket bør bli ståande og får ikkje uventa støtte frå Sandra Borch i Senterpartiet.

- No har regjeringspartia Høgre og Frp høve til å visa at dei tek lokalbefolkninga på alvor, at dei vil følgja vedtaket til Stortinget om bestandsmål og stoppa særmålsetjingane til Venstre i ulvepolitikken. Den moglegheita bør dei gripe med ein gong, meiner stortingspolitikaren.

Kritikk frå WWF

Miljøpolitisk leiar Ingrid Lomelde i Verdens naturfond (WWF) er på si side sterkt kritisk til innstillinga til rovviltnemndene. Organisasjonen hennar kjem til å klaga inn avgjerda til departementet.

- Det er utruleg at rovviltnemndene held fram å utfordra semja om å la ulven leva i ulvesona, sjølv etter at Klima- og miljødepartementet har vore tydeleg begge dei to førre åra på at det ikkje er grunnlag for å tillata jakt innanfor sona, seier Lomelde.

Ho legg vekt på at Noreg har felles ulvestamme med Sverige.

- Men mens svenskane har valt å stoppa lisensjakta neste sesong fordi det er for få ulvar att til å sikra ein levedyktig bestand, legg norske forvaltningsstyresmakter seg på ei heilt anna linje, seier Lomelde.

Meiner vedtaket bør halda fram

Ifølgje Nationen grunngjev rovviltnemndene vedtaket sitt med at bestandsmålet for ulv i vinter er oppfylt med stor margin.

- Vi ligg langt over bestandsmålet til Stortinget på fire til seks årlege ynglingar. Ja, vi er nær det doble. Og rolla vår er å forvalta ulv etter vedtaket til Stortinget, sa Arnfinn Nergård i Senterpartiet, som er leiar for rovviltnemnda i Hedmark.

- Dei som skal behandla klager, bør sjå at dette er eit klart fleirtal, og saka bør dermed passera også i departementet, meiner Nergård.

(©NPK)