Støre ber veljarane stole på Ap i Acer-saka

Krav om utsetting og folkeavstemming til trass, Ap-leiar Jonas Gahr Støre held på sitt: Noreg skal slutte seg til EUs tredje energimarknadspakke.

Med 24 mot 78 stemmer avviste Stortinget eit forslag om å utsette saka då Acer-debatten starta like før klokka 14 torsdag.

Med det gjekk Arbeidarpartiet mot KrF og dei raudgrøne partnarane og stemte saman med regjeringspartia og MDG. Same allianse vil seinare torsdag sikre fleirtal for norsk tilslutning til energibyrået Acer.

Ap-leiar Jonas Gahr Støre er forhindra frå å delta i stortingsdebatten, men i forkant kom han med ein klart bodskap til kritiske røyster i LO, AUF og på grasrota i eige parti:

- Arbeidarpartiet ville ikkje på vilkår inngått ein avtale som svekte nasjonalt eigarskap, suverenitet og styringsrett over våre naturressursar. Dette har lege i vår historie sidan vasskrafta vart underlagt konsesjonslover, poengterer han overfor NTB.

- Lite opplysande

Senterpartiet fryktar høgare straumpris og tøffare tider for kraftkrevjande industri. Raudt meiner Ap tar side med kraftbransjen og fell industrien, fagrørsla og eigne folkevalde i ryggen. Frå SV kjem påstanden om at Noreg gir frå seg suverenitet på eit heilt sentralt område ved å slutte seg til det som blir omtalt som EUs energiunion.

Støre koplar på si side motstanden frå dei andre partia med ønsket om å seie opp EØS-avtalen.

- Dei brukar også denne saka for å få Noreg ut av EØS, hevdar Støre. Han seier det er sterke følelsar i sving.

- Nokre ønsker å framstille det som om vi gir frå oss eigarskap og kontroll over norske kraftressursar. Det er feil. Delar av debatten har vore lite opplysande for å seie det sånn.

- Meiner du at LO, AUF, fleirtalet av Aps fylkeslag og over 100 ordførarar har misforstått kva denne saka eigentleg dreier seg om?

- Nei, det meiner eg ikkje. Deira argument har tvert imot vore førande for dei krava Arbeidarpartiet har stilt og fått gjennomslag for.

- Store endringar

Støre viser til dei åtte «ufråvikelege» krava som Aps landsstyre har stilt i saka. Han meiner sjølv at alle krav er innfridde, noko motstandarane tvilar på. Sjølv langt inn i fagrørsla er det skepsis til kor langt garantiane eigentleg går.

Konkret er det frykt for at den planlagte kabelen North Connect mellom Noreg og Skottland vil bli bygd før erfaringane frå dei andre kablane er hausta. Det vil føre til høgare straumprisar og svekte konkurransevilkår for norsk industri, hevdar kritikarane.

- Partia som kjem med skremsler burde vere ærlege nok til å innrømme at vegen hadde lege open for North Connect utan den avtalen som vi no har inngått, parerer Støre.

- Vi har fått til ei endring av blå energipolitikk som få kunne drøyme om. Vi pressar gjennom ei endring i energilova som inneber at alle kablar i framtida skal eigast og drivast av det offentlege. I tillegg skal nye kablar vere samfunnsøkonomisk lønnsame, og det må haustast erfaringar med eksisterande og planlagte kablar, fortset han.

- Fleirtal er fleirtal

Støre viser til uttalane frå statsminister Erna Solberg (H) på Facebook onsdag.

- Der bekreftar ho at det skal haustast erfaringar av eksisterande kablar og kablar som er under bygging, før det blir snakk om å gi ein ny konsesjon. Det er først langt ut på 2020-talet at spørsmålet om North Connect skal byggjast eller ikkje, blir aktuelt, hevdar han.

- Og lenge før det er det avklart at kablar skal eigast og drivast av det offentlege. Dermed blir det ingen North Connect-kabel, påstår han.

Støres forsikringar til trass, då stortingsgruppa tysdag behandla saka vart eit forslag om å utsette den stemt ned med knapp margin. Ap-veteran Martin Kolberg og tidlegare nestleiar Trond Giske er blant dei som ønskte utsetting.

- Det var ein grundig og opplyst debatt, og eit fleirtal gjekk inn for vedtak. Eit fleirtal er eit fleirtal. Å utsette denne saka ville ha bidratt til meir uvisse og ytterlegare mobilisere dei som er motstandarar av EØS-avtalen, seier Støre.

(©NPK)

Ap-leiar Jonas Gahr Støre ber veljarane ha tillit til at partiet hans ikkje ville ha stemt for regelendringar som sette i spel eigarskapet til norske kraftressursar. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix