Annonse

Støre: Historisk feil å tvinga Finnmark og Troms saman

Regjeringa gjer seg skuldig i ein historisk feil viss ho held fram tvangssammenslåinga av Troms og Finnmark, meiner Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

- Regjeringa haustar som ho har sådd. Ho har lagt opp til ein prosess der dei ikkje har lytta til folk, og no har dei fått ein motstand frå Finnmark som eg meiner er svært uheldig, seier Støre.

I folkeavstemminga om samanslåing av dei to nordlegaste fylka 14. mai røysta heile 87 prosent av finnmarkingane nei. Regjeringa har likevel sagt at samanslåinga skal gå sin gang. Torsdag skal fylkestinget i Finnmark velja medlemmer til fellesnemnda som skal gjennomføra samanslåinga med Troms, men det blir sannsynlegvis fleirtal for ikkje å utnemna medlemmer til nemnda.

Støre strekar under at han heiar på dei kommunane og fylkeskommunane som ønskjer å slå seg saman, men meiner det er djup uklokskap å bruka tvang.

- Dette er ein historisk feil som eg meiner er alvorleg for Noreg.

Og viser til at dette skjer i ein del av landet som av mange årsaker, både innanrikspolitiske men også utanrikspolitiske, burde ha ein annan grad av ro enn dei får ved ei tvangssamanslåing.

(©NPK)

Jonas Gahr Støre strekar under at han heiar på dei kommunane og fylkeskommunane som ønskjer å slå seg saman, men meiner det er ein djup uklokskap å bruka tvang.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix