Annonse

Stortingsrepresentantane nærmar seg millionlønn  

Statistisk sentralbyrås (SSB) prognosar viser at alle dei169 representantane på Stortinget vil bikke éin million i lønn denne stortingsperioden. 

Statistisk sentralbyrås (SSB) prognosar viser at alle dei169 representantane på Stortinget vil bikke éin million i lønn denne stortingsperioden.

Førre stortingsperiode auka lønna til representantane frå 836.579 kroner til 928.602 kroner, og veksten ser ikkje ut til å minke, skriv Dagsavisen.

Statistisk sentralbyrås (SSB) prognosar for lønnsvekst dei kommande åra viser at stortingsrepresentantane vil nå éin million kroner i lønn i 2020. Det eksakte talet er 1.026.549 kroner, skriv avisa.

Finanspolitisk talsperson for Sosialistisk Venstreparti (SV), Kari Elisabeth Kaski, stiller seg kritisk til lønnsveksten.

- I fjor foreslo vi at lønnsdanninga for stortingsrepresentantar blir frikopla frå prosentveksten. Vår lønn veks meir enn for folk flest, og det aukar forskjellane. Stortingsrepresentantane blir då del av ein lønnselite, som saman med resten av samfunnseliten drar frå alle andre, seier ho til Dagsavisen.

For å hindre at lønnsavstanden mellom representantane og folk flest aukar ytterlegare, ønsker SV eit kronetillegg som tar utgangspunkt i den årlege lønnsveksten.

(©NPK)

Prognosar frå SSB viser at Noregs 169 stortingsrepresentantar alle vil ha over éin million i lønn i 2020. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix