Annonse

Svak dag på Oslo Børs

Hovudindeksen på Oslo Børs fall måndag 0,75 prosent til 888,66 poeng. Samtidig flaug Norwegian høgt med ein vekst i kursen på 10,1 prosent etter oppkjøpsrykte.

Omsetnaden måndag enda på 5,13 milliardar kroner fordelt på 128.600 handlar.

Det tyske flyselskapet Lufthansa er i samtalar med Norwegian om eit mogleg oppkjøp, sa Lufthansa-sjef Carsten Spohr måndag formiddag. Norwegian-sjef Bjørn Kjos stadfesta måndag ettermiddag overfor NRK at det har vore kontakt mellom Norwegian og Lufthansa om mogleg oppkjøp. Det gjorde at Norwegian-aksjen gjekk opp 10,1 prosent til 274 kroner då børsen stengde. Flyselskapet var det nest mest omsette selskapet på børsen måndag. Equinor toppa omsetnadslista, men fall 0,5 prosent til 215,10 kroner. Aker BP auka kursen med 1 prosent, men elles var børsen prega av raude tal.

Marine Harvest fell mest av dei mest omsette selskapa med 2,3 prosent. Norsk Hydro fell 1,8 prosent og Telenor 1,3 prosent.

Dei europeiske børsane hadde ein dårleg dag. DAX 30 i Frankfurt gjekk ned 1,4 prosent. I Paris gjekk CAC 40 ned 0,9 prosent, mens i London gjekk FTSE 100 ned 0,03 prosent.

Då børsen stengde, blei eit fat nordsjøolje omsett for 74,5 dollar på spotmarknaden etter å ha vore heilt nede i 73 dollar tidlegare på dagen. Amerikansk lettolje blei selt for 65,2 dollar fatet.

(©NPK)

Oslo Børs fall nesten 1 prosent måndag. Foto: Axel Nilsson Raftsjø / NTB scanpix