Annonse

Svak oppgang på Oslo Børs

(NPK-NTB): Oslo Børs heldt den svake oppgangen gjennom den siste handledagen i veka. Hovudindeksen slutta på 641, 53 poeng, opp 0,5 prosent.

Annonse

Av dei ti mest omsette selskapa var Yara International børsvinnaren fredag (+3,91). Aksjen steig då selskapet la fram eit svakt resultat for tredje kvartal. Statoil (+1,03), Telenor (+0,73), Norsk Hydro (+0,52), Storebrand (+1,10) og Orkla (+0,56) steg i verdi.

Av selskap som fekk raude tal fredag er DNB (-0,17), Marine Harvest (-0,47), Norwegian (-0,10) og Subsea 7 (-0,60).

På dei tonegjevande børsane i Europa er det berre DAX 30-indeksen i Frankfurt som har ein forsiktig framgang (+0,09). Både CAC 40 i Paris og FTSE 100-indeksen i London går ned med 0,09 prosent.

Eit fat nordsjøolje blei fredag ettermiddag omsett til 51,62 dollar fatet, ein oppgang på 0,56 prosent. Eit fat amerikansk lettolje blei selt for 50,75 dollar, opp 0,15 prosent. (©NPK)