Annonse

Svensk langrennssjef kritiserer norsk astma-handtering

(NPK-NTB): Sveriges langrennssjef Johan Sares er både trist og irritert over det som har kome fram rundt medisinbruken i det norske landslaget.

Sares er den øvste ansvarlege for langrenn i Det svenske skiforbundet. I eit intervju med avisa Expressen set han ord på den siste tidas merksemd rundt astmamedisin og den norske bruken av denne.

– Det er berre trist å følgje det som skjer der. For idrettens skuld kan eg berre håpe at ein no snur alle steinar ein gong for alle, seier han til Expressen.

– Dette slår mot heile idretten. Det blir eit spørsmål om truverd for alle, tilføyer Sares i intervjuet.

– Eg kan vel seie dette: Noreg har jo lagt veldig mykje vekt på korleis vi i Sverige handterer ting tidlegare. Ting som dei ikkje har hatt noka form for innsyn i. No kan jo eg meine at dei burde brukt meir energi på å feie for eiga dør.

Sares seier vidare at han blant anna siktar til kritikken den norske langrennssjefen Vidar Løfshus retta mot Charlotte Kalla og satsinga hennar i sommar.

– Men sidan berre fortsette det å vekse. Og når det kjem opplysningar om at friske har teke medisin, då kjem ein inn på moralske og etiske spørsmål – og då begynner det verkeleg å lukte ille, seier han til Expressen.

Eit eksternt utval skal no sjå på alle rutinar rundt medisinbruken i norsk langrenn. (©NPK)