Annonse

Svenske forskarar juksa med fisk

To svenske forskarar i Uppsala har juksa med ein studie om plast i fisk, ifølgje ei nemnd for forskingsetikk.

Ekspertar rår til at studien, som blei publisert i tidsskriftet Science i fjor sommar, blir trekt tilbake. Dei to forskarane er tilsette ved Uppsala Universitet.

Studien fekk stor internasjonal merksemd. Han viste at fiskeyngel i Austersjøen føretrekkjer små plastpartiklar, såkalla mikroplaster, framfor vanleg føde.

Men ifølgje Centralia etikprövingsnämnden har forskarane ikkje presentert originale data, og dei har ikkje hatt dyreetisk løyve for fiskeartane dei har testa, noko som inneber at forskinga er prega av å vera vitskapleg uheiderleg.

(©NPK)