Annonse

Svindal siktar mot Canada-renn

Aksel Lund Svindal (34) kan endeleg trene skikkeleg etter kneskaden. Han satsar på å køyre verdscuprenn i Lake Louise i november, skriv Romerikes Blad.

Aksel Lund Svindal (34) kan endeleg trene skikkeleg etter kneskaden. Han satsar på å køyre verdscuprenn i Lake Louise i november, skriv Romerikes Blad.

For andre sesong på rad starta stjernealpinisten sesongoppkøyringa med ein kneskade. I fjor var Svindal tilbake i verdscupsirkuset i november, og målet er det same i år.

Faktisk meiner han å vere betre i rute i år enn i fjor, sjølv om han vart skremt då han gjorde comeback på ski på Folgefonna i august.

- Eg syntest ikkje det var noko særleg at kneet hovna opp då eg begynte å stå på ski på Folgefonna. Når det du skal gjere er det einaste som gjer vondt, fryktar du også at karrieren kan vere over, seier Svindal til Romerikes Blad.

- No går det eigentleg ganske bra. Eg tok det roleg dei første dagane (på samling) i Chile, men det har gått betre og betre. No køyrer eg med fartsdress igjen, seier han.

Førre sesong måtte Svindal gi seg etter nokre få renn då det viste seg at kneet ikkje var lækt skikkeleg. No er han optimist med tanke på å køyre før jul.

- Opningsrennet i Sölden (29. oktober) er neppe aktuelt, men renna i Lake Louise bør eg ha god moglegheit til å vere godt førebudd til, seier Svindal.

Han har tatt åtte verdscupsigrar nettopp i Lake Louise. Årets renn går 25. (utfor) og 26. (super-G) november.

(©NPK)

Aksel Lund Svindal er tilbake på ski og ser fram til ein ny sesong.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix