Annonse

Sykkelfest i Asker på 17. mai

Det blir bunader og sykkelfans om kvarandre i Asker på første etappe av Tour of Norway. Rittet blir avslutta med ein etappe frå Moss til Oslo.

Det blei klart då Tour of Norway måndag presenterte løypene for det sjuande rittet sitt.

Nytt av året er at rittet i år vil gå i meir tettbygde strøk. På den måten får rittet større merksemd, og håpet om plussgrader er også større når ryttarane ikkje er like mykje i fjellet.

I fjor var etappen til Rjukan på 211 kilometer den lengste i Tour of Norway nokon gong. I år er det ingen etappar over 200 kilometer.

Rittet frå 17. - 21. mai blir avslutta i Oslo med ein 153 kilometer lang etappe.

Etappane:

17. mai: 1. etappe: Hønefoss - Asker (169 km) 18. mai: 2. etappe: Eidsvoll - Brumunddal (194 km) 19. mai: 3. etappe: Hamar - Lillehammer (192 km) 20. mai: 4. etappe: Lillestrøm - Sarpsborg (192 km) 21. mai: 5. etappe: Moss ­- Oslo (153 km)

(©NPK)