Syklist omkom i traktorpåkøyrsel i Oslo

Ein kvinneleg syklist i midten av 40-åra døydde etter å ha blitt påkøyrd av ein traktor på Sandaker i Oslo tysdag kveld.

Påkøyrsla skjedde i krysset Sandakerveien/Hans Nielsens Hauges gate, like ved Sandaker Senter. Ulykka skjedde i samband med snørydding, skriv Aftenposten.

- Ambulanse og lege kom raskt til staden og sette i gang med livreddande tiltak, men dei klarte ikkje å redde livet til syklisten, seier operasjonsleiar Tor Gulbrandsen i Oslo politidistrikt.

Til NRK seier innsatsleiar Arve Røtterud at kvinna hamna under traktoren i eller ved eit fotgjengarfelt. Han seier sjåføren av traktoren er prega av ulykka.

Ulykka skjedde i 20-tida. Området vart avsperra, og politiet jobba tysdag kveld med sporsikring og avhøyr av involverte og vitne.

(©NPK)

Ulykka skjedde i krysset Sandakerveien/Hans Nielsens Hauges gate i 20-tida. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix