Annonse

Syriske brør frikjende for valdtekt av 13-åring

Tre syriske brør som i tingretten blei dømde til fire år og tre månaders fengsel for å ha valdteke ei 13 år gammal jente, er frifunne og lauslatne.

Dei tre blei i januar dømde for å ha valdteke ei 13 år gammal jente i Haugesund i mai i fjor, trass i at Haugaland tingrett slo fast at den seksuelle omgangen var frivillig frå jenta si side. To av brørne blei også dømde for å ha kyssa og teke på ei anna 13 år gammal jente. Dommen blei anka til lagmannsretten der juryen svarte nei på skuldspørsmålet.

Måndag ettermiddag blei alle tre brørne frifunne i Gulating lagmannsrett og lauslatne med det same, skriv Haugesunds Avis.

Avisa skriv at dei tre forsvararane alle prosederte på at mennene, som no er 20, 21 og 25 år gamle, gjorde det dei kunne for å forsikre seg om at jentene verkeleg var så gamle som dei sjølv utgav seg for å vere i kontakten med dei.

Jenta sin bistandsadvokat Benedicte Storhaug seier til NRK at ho trur det er semje i saka om at brørne ikkje har lagt vekt på anna enn å basere seg på jenta si sjølvrapportering av alder.

- Det er klar høgsterettspraksis på at det ikkje er nok. Når det då likevel blir frifinning, stikk i strid med høgsterettspraksis, så oppfattar eg det som at dei har lagt avgjerande vekt på at dei tiltalte, som no er frifunne, har hatt avgrensa kunnskap om norsk kultur, lovverk og manglande språkkunnskapar, seier Storhaug.

Storhaug seier ho skal ha eit møte med klienten sin og at ho ventar på om påtalemakta gjer noko vidare. Dei no frikjende mennene har sete i varetekt i meir enn eit år, dermed er det grunnlag for erstatningskrav mot staten.

(©NPK)