Annonse

Talet på barneoffer i krigen i Afghanistan aukar kraftig

Kvar tredje time blir eit barn drepe eller såra i krigen i Afghanistan, ifølgje FN-tal. Redd Barna kallar utviklinga sjokkerande.

Annonse

FN-tal viser at over 200 afghanske barn blei drepne i krigen i Afghanistan i dei tre første månadene i år. Det er 17 prosent fleire enn i same perioden i fjor.

- Det er sjokkerande å sjå ein slik enorm auke i talet på barneoffer i Afghanistan, spesielt når det gjeld talet på barn som blir drepne. Desse tala betyr faktisk at eit afghansk barn blir drepe eller såra kvar tredje time som følgje av væpna konflikt, seier fungerande landdirektør i Redd Barna, Paul Barker, i ei pressemelding.

I alt blei 715 sivile afghanarar drepne i dei tre første månadene i år, viser tal frå FN i Afghanistan. 1.466 sivile blei såra i den same perioden, av dei 525 barn.

- Barn er uskuldige offer i krig, og likevel ser vi at stadig fleire lir. Det er ikkje godt nok, og alle partane i konflikten må gjera absolutt alt dei kan for å sikra at barn ikkje held fram å bli offer i krigsperiodar. Barn bør vera på skulen og læra saman med venner og klassekameratar, ikkje springa for livet, seier han.

(©NPK)