Annonse

Talet på brannskadar aukar

Stadig fleire nordmenn må til behandling for brannskadar kvart år. Talet stig heile tida og rundt 15.000 personar skadar seg kvart år.

Annonse

I 2009 fekk 12.877 personar behandling for brannskadar. I 2012 hadde talet auka til 13.741, mens det i 2015 blei registrert 14.222 personar. Barn i alderen 0-9 år er dei mest utsette, viser tal frå Helsedirektoratet.

I tillegg kjem dei som skadar seg så kraftig at dei blir lagt inn på sjukehus og spesialsjukehus. Det dreier seg om opptil 800 personar i året.

Auken i talet på brannskadar uroar Norsk brannvernforening.

- Ifølgje funna våre er talet på personar som kvart år får brannskadar her i landet, så høgt at det må kunne karakteriserast som eit stort samfunnsproblem, seier Rolf Søtorp, administrerande direktør i Norsk brannvernforening, i ei pressemelding.

Kenneth Wangen, leiar av Norsk forening for brannskadde, peikar på at mange av dei som får ein brannskade, sjølve er årsak til skadane. At barn mellom 0-9 år er dei mest utsette, viser seg mellom anna i at skåldeskadar er ein gjengangar blant skadane.

No blir det lansert ein landsomfattande kampanje - "Sky ilden" - med skadeførebyggjande informasjon. Kampanjen er eit samarbeid mellom Norsk forening for brannskadde og Norsk brannvernforening med støtte frå Helsedirektoratet.

Med over 100 brannvesen med som bodbringarar skal kampanjen konsentrera seg om å informera barnehagar, skular og småbarnsforeldre om brannførebyggjande tiltak.

(©NPK)