Annonse

Talet på tilsette i politiet aukar

(NPK-NTB): Det blir stadig fleire tilsette i politiet, ifølgje nye tal frå Politidirektoratet (POD).

Ifølgje fersk statistikk som viser dekkingsgrad og bemanningstal er det no 15.483 tilsette i politidistrikt og særorgan, opplyser politiet.

Om ein tek med tilsette i Politiets tryggingsteneste (PST), er talet over 16.000. Dekkingsgraden er jamt stigande, og er no på 1,72 per 1.000 innbyggjarar.

Aldri før har det vore så mange tilsette i politiet, og veksten er størst i politiårsverk. Ein ny rapport frå Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) viser at politiet i perioden 2009 til 2015 fekk 2.104 fleire tilsette.

– Det er gledeleg å sjå at vi blir fleire, og at veksten er størst blant politiutdanna i distrikt og særorgan, seier HR-direktør Karin Aslaksen i POD.

Ifølgje politiet får nyutdanna jobb, men som i tidlegare år tar det noko tid å få fast tilsetting.

59,5 prosent av studentane som gjekk ut av Politihøgskolen med bestått eksamen i år, har fått ein stilling i politiet – 1,6 prosent av dei har fast stilling.

Same tal for kullet som gjekk ut våren 2015 er 95,1 prosent med stilling i politiet. 52 prosent med fast tilsetting. (©NPK)