Taliban held framleis 21 passasjerar etter kapring av tre bussar

Taliban kapra tre bussar i nord i Afghanistan måndag, men har sleppt dei aller fleste av passasjerane fri. Dei har ikkje fremja nokon krav.

Kapringa skjedde i den nordlege Kunduz-provinsen. Taliban stoppa tre bussar og tvinga passasjerane til å følgje med til ein Taliban-kontrollert landsby.

Seinare på dagen vart det stadfesta at Taliban hadde sett 144 av passasjerane fri, og at dei ikkje vart redda av tryggingsstyrkar, slik ein talsmann for innanriksdepartementet først melde.

Ein lokal politisjef seier til DPA at Taliban held igjen 21 passasjerar, av dei skal 12 visstnok høyre til tryggingsstyrkane. Det er òg personar utan noka form for identitetspapir blant dei, seier politisjef Abdul Zahir i Khanabad.

Våpenkvile

Aksjonen kjem mens dei afghanske styresmaktene spent ventar på svar frå Taliban etter at president Ashraf Ghani har foreslått ein tre månader lang våpenkvile. Det er uvisst om desse to hendingane har noko med kvarandre å gjere.

Observatørar meiner det førebels ikkje er grunnlag for å seie at bussaksjonen er Talibans måte å seie nei på. Det er andre gongen regjeringa foreslår våpenkvile i samband med feiringa av id. Taliban aksepterte indirekte det første forslaget ved å unnlate å gjennomføre angrep.

Det var første gongen ei nasjonal våpenkvile vart etterlevd på 15 år. Ho varte berre i tre dagar, da Taliban nekta å godta vilkåra for at ho skulle halde fram.

Blodig veke

Forslaget frå presidenten om våpenkvile kjem i kjølvatnet av fleire blodige Taliban-angrep, mellom anna mot den strategisk viktige byen Ghazni, som ligg langs motorvegen mellom dei to største byane i Afghanistan, Kabul og Kandahar. Fleire hundre menneske er melde drepne i kampar den siste veka.

Både FN, USA og Nato har tatt vel imot forslaget om våpenkvile, og USAs utanriksminister Mike Pompeo har innstendig oppmoda Taliban til å akseptere tilbodet. President Ghani skal ha klarert forslaget med religiøse leiarar, politiske parti og sivile organisasjonar. Stammeleiarar skal formidle kontakt mellom partane.

(©NPK)

Afghanske styresmakter håper at Taliban seier ja til forslaget om tre månaders våpenkvile. Biletet viser talibansoldatar og sivile under den førre våpenkvila i juni. Den varte i tre dagar. Foto: AP / NTB scanpix