Thommessen meiner han har halde Stortinget orientert om byggjesprekken

Stortingspresident Olemic Thommessen (H) avviser kritikken frå blant andre KrF om at han ikkje har orientert Stortinget godt nok om byggjesaka.

Stortingspresident Olemic Thommessen (H) avviser kritikken frå blant andre KrF om at han ikkje har orientert Stortinget godt nok om byggjesaka.

Thommessen har den siste tida vore i hardt vêr etter nyheita om at den siste overskridinga i det sterkt kritiserte byggjeprosjektet truleg endar på meir enn ein halv milliard kroner.

Dette kom som lyn frå klar himmel, og fleire set no spørsmålsteikn ved om presidentskapet har følgt opp prosjektet godt nok. Senterpartiet og fleire andre har kravd at Thommessen trekkjer seg. KrF vil førebels ikkje gå så langt, men rettar likevel sterk kritikk mot presidentskapet,

- Eg kan ikkje sjå at byggjeprosjektet er følgt opp på ein god måte, i tråd med det som var Stortingets vedtak i juni i fjor, seier KrF-representant Hans Fredrik Grøvan til NRK.

Thommessen avviser derimot kritikken.

- Eg har følgt opp vedtaket, gjennom innlegget eg heldt i Stortinget 20. desember. Då baserte eg meg på informasjonen vi sat på då, seier Thommessen til NRK fredag.

Han seier vidare at det ikkje låg føre nokon informasjon om den nye budsjettsprekken før innlegget han heldt 20. desember, og understrekar igjen at han først fekk beskjed om den seinaste budsjettbomba for halvanna veke sidan.

Vidare viser han til at det er stortingsdirektøren som sit i prosjektrådet og gir tilbakemeldingar til presidentskapet.

- Eg har hatt ei klar forventning om at viss det har vore noko nytt, så får eg og resten av presidentskapet, den orienteringa som er nødvendig. Det har vi dessverre ikkje fått, og det er djupt beklageleg, seier Thommessen.

(©NPK)

Stortingspresident Olemic Thomassen uttalte seg etter utviklinga i byggjeprosjektet, som blant anna omfattar rehabilitering av nabogarden til Stortinget, ein underjordisk tunnel og eit nytt postmottak torsdag førre veke. Onsdag skal han og presidentskapet orientere dei parlamentariske leiarane og medlemmene av finanskomiteen. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix.