Annonse

Ti ekspertar oppfordrar til kutt i norsk oljeeksport

Kutt i oljeeksporten kan vere blant dei billigaste alternativa om Noreg ønsker å få ned klimagassutsleppa globalt, meiner ti leiande ekspertar.

Annonse

- Norske styresmakter har tidlegare vist at dei vil bidra meir enn internasjonale forpliktingar tilseier, som med regnskogsatsinga og støtta til miljøteknologi. Dersom dette framleis er eit ønske, meiner vi at ein bør vurdere avgrensingar i oljeproduksjonen som eit ledd i klimapolitikken, seier Karine Nyborg, professor ved økonomisk institutt ved UiO, til Klassekampen.

Saman med ni andre av Noregs leiande ekspertar på petroleumsskattlegging og ressurs- og miljøøkonomi, har ho rykt ut med ei rad felles råd om norsk olje- og klimapolitikk.

Rådet om å gi insentiv til kutt i oljeproduksjonen står sentralt. Ekspertane meiner det er blant dei meir kostnadseffektive alternativa dersom Noreg vil bidra til å redusere globale klimautslepp og tilbakeviser argumenta frå oljenæringa om at andre land ville auka produksjonen tilsvarande dersom Noreg kutta.

Etter å ha sett nærmare på tilgjengelege tal, slår dei fast at andre land sannsynlegvis ville auka produksjonen, men ikkje like mykje. Alt i alt vil det globalt sleppast ut mindre CO2, ifølgje Taran Fæhn, forskingsleiar ved Statistisk sentralbyrå (SSB).

- Dette er ikkje noko vi kan oversjå, at vi har ein dobbeltrolle her, og at det er mange økonomiske argument for å ta tak i oljekutt som bidrag i klimapolitikken, seier ho til Klassekampen.

For å redusere produksjonen, foreslår ekspertane to grep: Å dele ut færre leitelisensar, gjerne med freding av større område, og/eller å innføre ei avgift per eining utvunnen olje.

(©NPK)

Ekofisk-feltet i Nordsjøen. Illustrasjonsfoto: Carina Johansen / NTB scanpix