Annonse

Tidlegare Statoil-sjef har fått ny jobb

Tidlegare Statoil-sjef Helge Lund er valt som ny styreleiar i legemiddelgiganten Novo Nordisk.

Det melder selskapet på sine eigne nettsider torsdag.

Lund vart foreslått som ny styreleiar i den danske legemiddelgiganten tidlegare i år, etter at den førre styreleiaren, Göran Ando, valde å ikkje stille til attval.

- Når Åge Hareide tør, så tør eg også, seier Lund i ein kommentar til borsen.dk, ifølgje E24.

Lund er frå før styremedlem i den danske legemiddelgiganten. Han var konsernsjef for oljegiganten Statoil i perioden 2004 til 2014, før han vart toppsjef i BG Group. Der slutta han i 2016 etter at selskapet vart kjøpt opp av Shell.

Novo Nordisk er Nordens største selskap målt i marknadsverdi, skriv E24.

(©NPK)

Helge Lund, her avbilda under pressekonferansen i samband med at han slutta som konsernsjef i Statoil i 2014, er valt som styreleiar i legemiddelgiganten Novo Nordisk. Foto: Berit Roald / NTB scanpix.