Tillitsvalde i politiet: Krise i heile landet

Tillitsvalde i elleve av tolv politidistrikt melder om kriseliknande tilstandar. Dei viser til at grove overgrepssaker blir liggjande og skyhøgt arbeidspress.

Av dei tolv distrikta, som blei laga etter nærpolitireforma blei sett i verk, varslar elleve distrikt om låg bemanning og saker som blir liggjande, ofte valds- og overgrepssaker, i ei kartlegging utført av NRK.

- Vi har grove valdssaker frå 2016 som ikkje er ferdig oppklart. Vi hadde ein periode ei kø på nesten ti stykk som venta på å få meldt ifrå til politiet om valdtekter, fortel Øyvind Sund, lokallagsleiar i Politiets Fellesforbund i Møre og Romsdal til kanalen.

Det er berre Troms politidistrikt som ikkje har varsla om problem.

Justis- og beredskapsdepartementet ville ikkje stille til intervju med NRK, men har svart på e-post.

- Nærpolitireforma er omfattande, og det er naturleg at gjennomføringa av reforma også byr på nokon utfordringar. Regjeringa tar dette på største alvor, men vi er overbeviste om at reforma er naudsynt for at politiet skal kunne løyse samfunnsoppdraget og møte dei kriminalitetsutfordringane vi står overfor, seier statssekretær Knut Morten Johansen (Frp).

(©NPK)

Av dei tolv distrikta, som blei laga etter nærpolitireforma blei sett i verk, varslar elleve distrikt om låg bemanning og saker som blir liggjande. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB scanpix