Tina-saka: Statsadvokaten reduserer erstatning

Statsadvokaten i Rogaland har redusert erstatninga til ein av dei tidlegare sikta i Tina-saka med ein halv million kroner.

- Eg er svært overraska over at statsadvokaten går med på erstatningssummen. Det er politiet som har arbeidd med saka og kjenner henne best, og dei støttar kravet vårt, seier advokaten til mannen Olav Sylte til Stavanger Aftenblad.

Politiadvokat Herdis Traa i Sør-Vest politidistrikt vurderte erstatningskravet på 750.000 kroner som rimeleg og støtta det i innstillinga si til Statens sivilrettsforvaltning.

Sylte reknar med at statsadvokaten også vil gje mindre erstatning til dei andre som var sikta for drap eller medverknad til drap på Tina Jørgensen i Stavanger i 2000.

- Viss dette blir den endelege erstatningssummen, vil det bli full behandling i tingretten. Eg meiner at kravet på 750.000 kroner, som politiet var samde i, er rett jus, og vi held fast ved den summen, seier Sylte.

I midten av november leverte Sylte og kollegaen hans Trond Wåland inn krav om oppreisingserstatning på 750.000 kroner kvar til to av dei fire mennene som var sikta i saka.

I september i fjor blei siktinga mot mennene lagt bort som «intet straffbart forhold anses bevist». Då hadde dei vore sikta i nesten eitt år.

Dei sat tre veker i varetekt på grunn av tvil rundt bevisa, men siktinga blei halden oppe etter at dei blei sett fri.

(©NPK)