Annonse

To 16-åringar dømde for terrortruslar mot skule

(NPK-NTB): To gutar på 16 år som via appen Jodel truga med terroraksjon mot Porsgrunn vidaregåande skole, er dømde til seksti dagars fengsel på vilkår.

«Nå har jeg planlagt tidenes terroraksjon på Porsgrunn VGS, glocken ligger klar i sekken, bare vent. Da skal de faen meg få det!»

Det var meldinga dei to 16-åringane skreiv telefonappen Jodel november i fjor. Trusselen førte til ein større væpna politiaksjon og evakuering av skulen, før dei to gutane melde seg for politiet.

Dei to er i Nedre Telemark tingrett dømde for brot på paragraf 263 og 264 i straffelova, for i ord eller handling ha truga grovt med straffbar åtferd under slike omstende at trusselen var eigna til å framkalla alvorleg frykt, skriv Varden.

Begge gav ei vilkårslaus tilståing, og retten tok forslaget til aktoratet til ei straff på 60 dagars fengsel på vilkår til følgje. Dette betyr i praksis at dei slepp å sona, så lenge dei oppfører seg i prøvetida på to år. (©NPK)