To barn omkom av mogleg soppforgifting i Danmark

To barn frå Haslev på Sjælland er døde av det som truleg er soppforgifting. Ti andre medlemmer av familien er innlagde på sjukehus.

Totalt var det fem barn blant dei tolv som vart sjuke. Truleg har familien fått i seg flugesopp.

Dei to barna var svært sjuke da ambulansen kom heim til familien, opplyste lege Trine Lilleng på ei pressekonferanse torsdag.

- Det gjekk svært fort. Begge barna var i live da ambulansen kom, men ein femtenåring vart raskt livlaus, fortel ho.

- Vi starta raskt gjenoppliving. Så fall eit yngre barn livlaust om. Igjen gjekk det svært fort, seier Lilleng.

Ifølgje den regionale kanalen TV Øst er det snakk om ein flyktningfamilie som bur på ein tidlegare høgskule i Haslev. Gifttelefonen ved Bispebjerg Hospital stadfestar overfor Danmarks Radio at fleire barn er innlagde på minst fire ulike sjukehus på Sjælland.

Niels Ebbehøj, overlege ved gifttelefonen, seier at barna har symptom som liknar dei ein får av å ete grøn eller kvit flugesopp, begge svært dødelege soppartar.

Hendingsgangen er ikkje klarlagd, men politiet trur det dreier seg om innhausta sopp som er brukt til matlaging.

(©NPK)