Annonse

To nye tilfelle av skrantesjuke i Nordfjella

Det er funnet skrantesjuke på to vaksne villreinbukkar som heldt til i Nordfjella. Dei to bukkane vart felt høvesvis 13. og 17. februar i år.

Undersøkingar på Veterinærinstituttet gav positivt resultat i både lymfeknutar og hjernevev på begge dyra, opplyser instituttet.

Med desse to er det no funne 17 reinsdyr med påvist skrantesjuke frå Nordfjella.

Jegerar har allereie skote hundrevis av villrein i området for å stoppe den frykta sjukdommen etter at staten starta jakta i november i fjor. Målet er å utrydde villreinstammen i Nordfjella i eit forsøk på å fjerne skrantesjuke frå norsk jord.

Nordfjella villreinområde strekkjer seg over fylka Buskerud, Hordaland og Sogn og Fjordane. Så langt har jegerane skote 778 dyr, mens rundt 900 dyr står att.

Skrantesjuke er ein såkalla prionsjukdom. Den rammar hjortedyr og minner om skrapesjuke hos sau og kugalskap hos storfe. Sjukdommen fører til at hjernen langsamt blir eten opp. Etter kvart begynner dyra å sikle, skjelve og vakle. Til slutt døyr dei.

(©NPK)

Det er funne skrantesjuke på to vaksne villreinbukkar som heldt til i Nordfjella. Staten vil avlive all villreinen i området for å forhindre smitte. Det er rundt 900 dyr igjen å ta ut. Bildet er frå ei tidlegare undersøking gjennomført på eit reinsdyr på Veterinærinstituttet. Arkivfoto: Tore Meek / NTB scanpix