Annonse

Toglinjene i Noreg vil ha signaltrøbbel fram til 2030

Noreg skal bruke 20 milliardar kroner på eit signalsystem på jernbana som først vil vere klart i 2030, noko som kan bety tolv år til med signalproblem.

Sverre Kjenne, direktør for digitalisering og teknologi i Bane Nor, innrømmer overfor Aftenposten at toga vil ha problem i lang tid framover.

- 2030. Tidlegast i 2030. Det blir ei kjempeutfordrande reise dei neste åra, svarar Kjenne på spørsmålet om når Noreg vil få eit fungerande system.

I dag blir det bygd eit mellombels signalsystem som skal erstatte systemet ein har og deretter bytast med det nye systemet ERTMS. Planen er at ERTMS-systemet skal erstatte alle signalsystema ein har i dag, nokre så gamle at dei vart brukte under første verdskrigen, skriv avisa.

Færre tog i rute

Det mellombelse signalsystemet vil berre vere operativt i nokre få år på fleire stader før det blir erstatta av ERTMS-systemet. På spørsmål om dette ikkje er sløsing med milliardar, svarar Kjenne at dei ikkje har noko val.

- Alternativet hadde vore å fryse all jernbaneutbygging i Noreg i fleire år. Det hadde neppe vore populært, seier Kjenne.

Bane Nor opplyser til NTB at det nye, mellombelse signalsystemet som erstattar eldre signalanlegg, gir færre feil. Men i år har talet på tog i rute falle til 87,6 prosent, noko som er under målet på 91 prosent, og for godstog er det 67,4 prosent. Kulde, varme og ikkje minst problem på viktige Drammenbanen er hovudårsaker.

- Dette kan vi sjølvsagt ikkje leve med. Moglegheita for å kunne køyre punktlege tog er den viktigaste leveransen vi har til togselskapa og deira kundar, og derfor har vi sett i gang eit større arbeid for å identifisere tiltak for å betre dette. I år blir det krevjande å nå måla, men vi set i gang tiltak for eit best mogleg resultat, seier konsernsjef Gorm Frimannslund i Bane Nor.

Kostnadssprekk i Danmark

Han fortel at ei tverrfagleg gruppe allereie har fastslått at mange av dei feila som får størst konsekvensar for om toga er i rute, er feil på sjølve infrastrukturen. Dette dreier seg blant anna om feil på vekslar, skjenebrot, solslyng, feil på køyreleidningar og saktekøyringar.

Det er ikkje alt som går på skjener med det nye ERTMS-systemet heller. I Danmark har systemet kosta 7 milliardar kroner meir enn planlagt. I Noreg har ERTMS-prosjektet ei kostnadsramme på 26,6 milliardar, skriv Aftenposten.

(©NPK)

Ting vil ikkje nødvendigvis gå på skjener i Jernbane-Noreg framover, innrømmer Bane Nors signalsjef. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix