Tom Hayden er død

(NPK-NTB-AP): Den amerikanske forfattaren, politikaren, fredsaktivisten, borgarretts- og miljøforkjemparen Tom Hayden er død, 76 år gammal.

Hayden var ein leiande skikkelse i fredsrørsla i USA på 1960- og 70-talet, og den langhåra aktivisten var ofte å finne på talarstolar og fremst i demonstrasjonstog.

I 1972 reiste han til Nord-Vietnam saman med filmstjerna Jane Fonda for å rette søkjelyset mot krigføringa til USA, noko som gjorde dei til ynda hatobjekt for høgresida i USA.

Året etter gifta dei to seg og fekk eit barn saman. Dei blei skilte i 1990 etter 17 års ekteskap.

Hayden sat i Representanthuset og Senatet i delstatsforsamlinga i California i 18 år. Han stilte også til val som kandidat for demokratane i borgarmeistervalet i Los Angeles, og prøvde å sikre seg ein plass i Kongressen i Washington, men utan å lykkast.

Hayden skreiv 18 bøker, fremma over 100 lovforslag under si tid som delstatspolitikar og var også ein aktiv forelesar og skribent. (©NPK)