Toppmøte mellom Trump og Indias statsminister

Leiarane for dei to største demokratia i verda, Donald Trump og Indias statsminister Narendra Modi, møtast måndag for første gong.

Handel, kampen mot terrorisme og auka forsvarssamarbeid står på dagsordenen for samtalane i Det kvite hus i Washington.

Medium i begge landa har skrive at ein avtale om sal av amerikanske militære dronar til India vil bli presentert.

- Modi vil prøve å gi Trump nokre sigrarhan kan tvitre om, spår Tanvi Madan i tankesmia Brookings Institution.

Analytikarar har peikt på at at Trump og Modi har fleire ting felles, noko som kan gjere det lettare å få eit godt forhold. Begge frontar nasjonalistisk politikk, og begge er blitt populære ved å kritisere dei politiske elitene i landa sine.

Twitter-kongar

Verken Trump eller Modi har eit veldig godt forhold til media, og dei liker å kommunisere direkte med tilhengjarane sine. Den amerikanske presidenten har 32 millionar følgjarar på Twitter, mens Modi ligg rett bak med 31 millionar.

Ingen pressekonferanse er planlagt etter møtet mellom leiarane for to av dei viktigaste stormaktene i verda. Grunnen kan delvis vere at Trump vil unngå spørsmål om Russland-etterforskinga i USA, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

I helga forsikra Modi at India er eit næringslivsvennleg land der rolla til staten ligg på eit minimumsnivå. Også denne bodskapen vil truleg vekke godkjenning hos eigedomsmilliardæren Trump.

Men nokre fellestrekk kan føre dei to leiarane på kollisjonskurs. Trump står for ein proteksjonistisk økonomisk politikk og har lenge lovd auka industriproduksjon i USA. Modi prøver å få fleire vestlege selskap til å starte produksjon i India.

Parisavtalen

Hindu-nasjonalisten Modi var i praksis lenge utestengt frå USA etter at over tusen menneske blei drepne i antimuslimske opptøyer i den indiske delstaten Gujarat i 2002. Modi leidde på dette tidspunktet regjeringa i delstaten, og han fekk sterk kritikk for handteringa av opptøyane.

Etter at han blei statsminister, fekk han likevel eit godt forhold til USAs dåverande president Barack Obama.

Etter at Trump blei innsett som president i vinter, heldt Modi ein tale der han åtvara mot proteksjonistiske haldningar og nærsynt politikk. Talen blei tolka som kritikk av den nye amerikanske statsleiaren.

Etter at Trump avgjorde å trekke USA frå Parisavtalen, lovde Modi å overhalde avtalen og satse vidare på fornybar, klimavennleg energi.

No håper Modi truleg på god stemning under sitt første møte med Trump - og på ei vidareføring av forholdet som USA og India etablerte mens Obama var president.

(©NPK)

USAs president Donald Trump i Det kvite hus tidlegare i år. Foto: AP / NTB scanpix

Statsminister Narendra Modi under eit møte i St. Petersburg i Russland tidlegare denne månaden. Foto: AP / Pool / NTB scanpix