Tørr sommar gir trøbbel for raftingarrangørar

Det fine sommarvêret i Sør-Noreg gir no problem for raftingarrangørane. Numedalslågen i Buskerud har så låg vasstand at raftinga blir stoppa.

Etter ein månad utan regn er vasstanden så låg at ein av tre raftingoperatørar no innstiller raftinga på Numedalslågen. Dei to andre har redusert tilbodet og vurderer å stoppe viss det ikkje snart kjem nedbør.

- Vi kunne klart å halde på med rafting om vi måtte, men satsar heller på rappellering, sklier og hopping, seier Helene Kjønås i Dagali Fjellpark til Hallingdølen. Ho seier at ho aldri har sett elva med slik låg vasstand som dei no opplever.

Deepak Rai i Dagali Opplevingar har vore guide på Numedalslågen i 13 sesongar og har heller aldri opplevd noko liknande. Dei held framleis på med rafting, men har avgrensa tilbodet til berre å gjelde familierafting.

- Fortset tørken må vi kutte ut rafting, seier han.

Den tredje raftingoperatøren Hallingdølen har snakka med, Serious Fun, har også avgrensa tilbodet og vurderer situasjonen dag for dag.

Varmen har også ført til mykje meir død fisk i Numedalslågen i år enn det som er vanleg. Sportsfiskarar seier til NRK at det kjem av høge temperaturar og lite vatn, noko som gir for lite oksygen til fisken.

(©NPK)

Vasstanden i Numedalslågen i Buskerud er no så låg at fleire raftingarrangørar innstiller eller innskrenkar raftingtilboda sine.
Illustrasjonsfoto: Heiko Junge, NTB SCANPIX