Tre drepne i skytinga i München

(NPK-NTB): Tre personar er stadfesta døde etter skytinga i München, opplyser delstatsstyresmaktene i Bayern. Ein eller fleire gjerningspersonar er på frifot og politiet bed folk halde seg innandørs.

Politiet jakta fredag kveld på ein eller fleire gjerningspersonar etter skytedramaet på kjøpesenteret Olympia.

Kort tid etter blei det meldt om at det var losna skot også ved Karlsplatz i sentrum av den sørtyske byen, men desse opplysningane er ikkje stadfesta. (©NPK)