Annonse

Tre hundekvalpar funne i live etter raset i Italia

Tre logrande kvite fårehundkvalpar er redda ut frå snøraset som ramma eit hotell i Italia i sist veke. 22 personar er framleis sakna.

Annonse

Ei kvinne blei funnen død av leitemannskap tidlegare måndag. Dermed er sju menneske stadfesta omkomne i rasulykka.

Kvalpane blei fødde på hotellet i desember. Foreldra Lupo og Nuvola klarte å koma seg unna då snøraset ramma Hotel Rigopiano i Pescara-provinsen og blei funne i god form i ei bygd i nærleiken dagen etter.

Dei tre kvalpane blei funne under snømassane måndag og gav leitemannskapa nytt håp om å finna fleire overlevande, fem dagar etter raset.

Fabio German, ein talsmann for brannvesenet, seier dei tre kvalpane har vist at det er mogleg å overleva under snømassane. Leitemannskapa håpar at dei 22 menneska som framleis er sakna, kan liggja i luftlommer under snø- og bygningsmassane.

Elleve er så langt funne i live. Den første av dei blei skriven ut frå sjukehus måndag.

Italienske redningsmannskap vurderer å bruka anleggsmaskiner for å få fortgang i leitinga etter dei 22 menneska som framleis er sakna.

(©NPK)