Tre kenguruar på frifot i Danmark etter hærverk

(NPK-NTB): Tre kenguruar fekk smake fridomen då nokon klippa eit stort hol i innhegninga deira nær byen Vejle i Danmark natt til tysdag.

To vaksne og ein kenguruunge stakk av då ukjende gjerningspersonar klippa eit to meter stort hol i gjerdet rundt innhegninga deira.

– Dette er blitt gjort bevisst, gjerningspersonane må ha hatt med seg tang, seier eigaren til kenguruane, Regner Esgaard, til Vejle Amts Folkeblad.

Onsdag morgon blei éin av kenguruane fanga, men Esgaard har ikkje lukka holet og kan ikkje få kenguruen heim enno.

– Eg trur det er den store ho-kenguruen som er fanga, seier eigaren og legg til at det er usikkert om ho framleis har ungen med seg.

– Dersom ho blir sliten, kan ho finne på å setje frå seg ungen. Då må den klare seg sjølv og kan i verste fall døy.

Den andre store kenguruen blei observert av ein lokal søppelmann i morgontimane onsdag.

Ifølgje Esgaard kan kenguruar overleve i naturen i Danmark, men han vil helst ha dei heim til innhegninga så fort som råd. (©NPK)