Tre nye inn i troppen til Høgmo

(NPK-NTB): Landslagssjef Per-Mathias Høgmo tok måndag ut Magnus Wolff Eikrem, Mohammed Abdellaoue og Alexander Sørloth til dei komande landskampane mot Kviterussland og Tyskland.

Endringane i troppen kjem som følgje av at ei rekkje spelarar i den opphavlege troppen til Høgmo er skadeplaga.

Rosenborg-spelar Pål André Helland har for lengst meldt seg uaktuell, og måndag stadfesta Høgmo at også Vegard Forren, Håvard Nordtveit, Per Ciljan Skjelbred og Alexander Søderlund står i fare for å miste dei komande kampane.

– Vegard, Håvard, Per Ciljan og Søderlund må vi kome tilbake til. Dei vurderer vi etter å ha fått dei inn, og dei vil bli fortløpande vurdert inn mot kampen på onsdag, sa Høgmo.

Han opplyste samstundes at Molde-stoppar Forren skal på MR-undersøkinga tysdag morgon, og at den truleg vil gi svar på skadeomfanget.

Skulle Forren vere uaktuell for spel, vil truleg ein ny midtstoppar bli henta inn i troppen.

Valon Berisha er også borte frå den opphavlege troppen. Han bestemte seg nyleg for å representere landslaget til Kosovo.

Noreg møter Kviterussland til privatlandskamp onsdag, medan VM-kvalikkampen mot Tyskland går søndag 4. september på Ullevaal stadion. (©NPK)