Annonse

Tre russiske syklistar utestengd frå OL

(NPK-NTB-TT-AFP): Russland sin olympiske komité (ROC) har torsdag utestengd tre syklistar frå å delta i OL i Rio, ifølgje Det internasjonale sykkelforbundet (UCI).

Annonse

Trioen har tidlegare gjort seg skuldig i brot mot antidopingføreskriftene. Med det kan dei ikkje delta i dei komande sommarleikane, i samsvar med krava frå Den internasjonale olympiske komiteen (IOC).

Tre andre russiske ryttarar skal vere under etterforsking, ifølgje nyheitsbyrået AFP. (©NPK)