Annonse

Triers familiedrama vann beste regi

(NPK-NTB): Regissøren Joachim Trier stakk av med amandaprisen for beste regi for dramafilmen «Louder Than Bombs».

Den danske filmklipparen Olivier Bugge Coutté stakk samtidig av med prisen for beste klipp for arbeidet sitt med same film, under første del av Amanda-utdelinga som vart avvikla i Haugesund rådhus fredag.

Trier har skrive manus i samarbeid med Eskil Vogt, og det betyr dermed meir suksess for trioen, som først samarbeidde då dei lagde filmen «Reprise» i 2006.

«Louder Than Bombs» blei tidlegare i år den første norske langfilmen som var nominert til Cannes-festivalens gullpalme sidan 1979, og Trier har rekruttert dei utanlandske skodespelarane Gabriel Byrne, Jesse Eisenberg og Isabelle Huppert til hovudrollene i filmen.

Filmen handlar om ein far og sonen hans, og prosessen deira med å takle tapet av mora, ein tidlegare krigsfotograf som døyr i ei bilulykke.

Storproduksjonen «Bølgen», som hadde eit produksjonsbudsjett på 49 millionar kroner, mottok også to prisar under rådhusutdelinga. Lars Erik Hansen vann prisen for beste visuelle effektar, medan Christian Schaanning mottok pris for beste lyddesign i den mest sette filmen på norsk kino i 2015. (©NPK)