Annonse

Tromsø får nytt kunstgras

Med midlar frå Trond Mohn vil Tromsø få nytt kunstgras i sommarpausen. Det gamle kunstgraset blir gitt bort gratis til klubbar i byen.

Arbeidet med å få skifta ut kunstgraset startar etter heimekampen mot Odd 1. juli sidan det er fem veker fram til neste heimekamp.

- Frå kampen mot Haugesund 5. august, så vil alle som trenar og spelar på Alfheim, få oppleve å få ei ny matte på bana. Vi skal legge det mest moderne kunstgraset som er å få, seier styreleiaren i Alfheim Arena, Kjell Kolbeinsen, i ei pressemelding.

- Grunnen til at vi gjer dette no er at matta er nedsliten. Vi har også sett på undersøkingar der kunstgraset her kjem utruleg dårleg ut. Den blir sett på som den nest dårlegaste i Eliteserien, og vi vil den skal bli sett på som noko av det beste Noreg har, legg han til.

Kostnadane kjem Trond Mohn til å ta etter at han fekk eit forslag frå Alfheim Arena om å byte ut kunstgraset no. Dette er noko som vil koste rundt tre millionar kroner.

- Trond Mohn bidrar med kunstgras for tredje gong på Alfheim. Dette vil komme alle brukarar til nytte, seier Kolbeinsen.

(©NPK)