Tromsø og Kirkenes kjemper om finsk jernbane

Både Tromsø og Kirkenes ønsker å bli endestasjon dersom finnane gjer alvor av å byggje jernbane gjennom Nord-Finland og ut til havet.

Tysdag var det jernbanekonferanse i Tromsø og ordføraren i byen var heilt samd med sin kollega i Sør-Varanger om éin ting: Jarnbanen kjem. Traseen ser dei derimot ulikt på, melder NRK.

- Den kjem mellom Rovaniemi og Kirkenes, meiner Rune Rafaelsen (Ap) i Sør-Varanger. Partifelle Kristin Røymo i Tromsø meiner sporet vil gå frå Kolari til byen hennar.

Finlands samferdselsminister Anne Berner vil ha vekst i Nord-Finland og har bestilt ei utgreiing om kor ein ny jernbane bør gå. Noreg kan komme med innspel innan utgangen av februar.

Røymo peiker på at Tromsø er ein større by, mens Rafaelsen trekker fram hamna i Kirkenes som eit argument. Og sjølv om saka handlar om kvar toget skal gå, verkar dei to ordførarane meir opptatt av skipstrafikk.

- Vi har sterke tilknytingar til land i både den vestlege og den eventuelle nordlege sjøruta, seier Røymo. Rafaelsen er meir opptatt av sistnemnde.

- Det er fordi det er der godset kjem. Utan den enorme veksten på godset som kjem via den nordlege sjøruta, så vil ei realisering av ein jernbane mellom Noreg og Finland vere totalt urealistisk.

(©NPK)

Finland vurderer å byggje jernbane til den norske kysten. Både Tromsø og Kirkenes kunne tenkje seg å bli endestasjon. Illustrasjonsfoto: Vidar Knai / NTB scanpix