Annonse

Trump: Grensekontroll skal inn i NAFTA-avtalen

President Donald Trump seier han vil krevje at Mexico hindrar innvandrarar i å nå USAs grense i reforhandlingane i NAFTA-avtalen.

- Mexico stoppar ikkje folk. Vel, vi kjem ikkje til å finne oss i det, og eg kjem til å gjere det til ein del av NAFTA at dei må det, sa Trump onsdag.

USA, Canada og Mexico held på å reforhandle frihandelsavtalen NAFTA på ordre frå Trump, som tidlegare har trua med å skrote heile avtalen frå 1994. Forholdet til Mexico har blitt særleg spent på grunn av Trumps strenge linje når det gjeld innvandring og ønsket om å byggje ein grensemur mot nabolandet.

Trump har måtta handtere mykje kritikk denne veka for at innvandrarar som kjem ulovleg til USA, blir fråtekne barna sine. Mange av desse kjem over grensa frå Mexico.

Onsdag gav presidenten etter for presset og varsla at han vil signere eit direktiv som tillèt at barna kan sperrast inne saman med foreldra. Per i dag er det ikkje lov å varetektsfengsle barn, og derfor har dei blitt plasserte i eigne interneringssenter.

Etter at Trump valde å snu, uttalte mexicanske styresmakter at det var «utvilsamt gode nyheiter at USAs regjering stoppar grufulle og umenneskelege separasjonar av barn og foreldre».

- Likevel vil mexicanske styresmakter jobbe iherdig for å sørgje for konsulært vern av alle barn i sårbare situasjonar, skreiv utanriksminister Luis Videgaray på Twitter.

(©NPK)

President Donald Trump talte under eit valarrangement i Minnesota onsdag. Foto: Susan Walsh / AP / NTB scanpix