Annonse

Trump held fram med å skulda FBI for lekkasjar

Det føderale politiet må rydda opp i rekkjene for å stoppa lekkasjar av fortruleg informasjon til media, uttalar president Donald Trump.

Annonse

- FBI har lenge vore heilt ute av stand til å hindra lekkasjar som er viktig for nasjonal tryggleik. Dei kan ikkje eingong finna dei som lek internt i FBI. Fortrulege opplysningar blir delte ut til media og kan ha øydeleggjande konsekvensar for USA, tvitra Trump fredag.

Han oppmodar FBI til å spora opp dei som lek.

- Finn dei no, skriv han i blokkbokstavar.

Trump valde å gå til det uvanlege steget å kritisera FBI heilt offentleg både på Twitter og Facebook, etter skuldingar om kontaktar mellom Det kvite hus og Russland.

Utbrotet fredag kom samtidig som CNN køyrer ei sak om korleis FBI nyleg avviste ein førespurnad frå stabssjef Reince Priebus om at FBI må avvisa nyheitsmeldingar om påståtte kontaktar mellom Trump-tilsette og russiske agentar under valkampen. Det var New York Times som i sist veke viste til kjelder som seier at amerikansk etterretning har avlytta telefonsamtalar mellom medlemmer av Trump-kampanjen og russisk etterretning. FBI har til no verken kommentert artikkelen eller indikert at byrået kjem til å gjera det.

- Det kvite hus har rett og slett ikkje lov til å pressa FBI til å informera det offentlege om etterforsking som går føre seg av presidenten og rådgjevarane hans, seier leiaren til Demokratane i justiskomiteen i Republikanarhuset, John Conyers.

(©NPK)