Annonse

Trump innfører opptil 60 milliardar dollar i straffetoll mot Kina

Donald Trump innfører straffetoll på opptil 60 milliardar dollar på kinesiske produkt som hemn for påstått tjuveri av amerikansk opphavsrett på teknologi.

Straffetollen blir retta mot delar av industri der «Kina har prøvd å skaffe seg ein fordel ved urettferdig tilgang på, eller tvungen overtaking, av teknologi frå amerikanske selskap», seier Det kvite hus' økonomiske rådgjevar Everett Eissenstat.

- Tollen omfattar ei rad produkt som blir importerte frå Kina og som er utvikla for å skaffe kinesarane forsprang ved å ha tileigna seg urettferdig handelspraksis, seier Eissenstat.

Detaljar rundt tollen skal vere klare innan 60 dagar.

- USA forsvarar seg strategisk mot Kinas økonomiske aggresjon, seier Trumps sjefrådgjevar for handelsspørsmål, Peter Navarro.

Navarro seier at kinesiske restriksjonar på utanlandsk eigarskap tvingar amerikanske selskap til å overføre sin teknologi til Kina, som igjen vil komme kinesiske konkurrentar til gode.

Kinesiske styresmakter har nyleg kunngjort oppmjuking av økonomien i landet og varsla at det blant anna skal opnast for auka utanlandsk eigarskap i kinesiske bedrifter.

Trump seier at tollen kan utgjere ein verdi på opptil 60 milliardar dollar, men insisterer på at Kina likevel er ein «venn».

- Eg har enorm respekt for president Xi Jinping. Vi har eit flott forhold, seier Trump.

(©NPK)

President Donald Trump signerte torsdag dokumenta for å innføre toll og avgrensingar på investeringar i Kina. Foto: AP / NTB scanpix